Rut 1:19-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Så gjekk dei vidare til dei kom til Betlehem. Og då dei kom dit, vart det oppstyr i byen for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette Noomi?»

20. Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje Noomi! Kall meg heller Mara! For Den veldige har gjort livet beiskt for meg.

21. Rik drog eg bort, fattig har Herren late meg venda attende. Kvifor kallar de meg Noomi når Herren har vitna mot meg, og når Den veldige har late det gå meg så ille?»

22. Så kom då Noomi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende attende frå slettelandet i Moab. Dei kom til Betlehem då bygghausten byrja.

Rut 1