1. I dei dagane då dommarane styrte, vart det ein gong hungersnaud i landet. Då fór ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og dei to sønene sine for å slå seg ned i slettelandet Moab.
2. Mannen heitte Elimelek, kona Noomi og dei to sønene Mahlon og Kiljon. Dei var av Efrat-slekta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og vart verande der.
3. Så døydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sønene sine.
4. Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti år.