Romarane 9:7-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.

8. Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt.

9. For dette er eit lovnadsord: Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.

10. Og ikkje berre det – også Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, stamfaren vår.

13. For det står skrive: Jakob elska eg, men Esau hadde eg uvilje mot.

14. Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!

15. For til Moses seier han: Eg vil miskunna meg over den eg vil, og ynkast over den eg vil.

16. Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg.

17. For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det fordi eg ville visa mi makt på deg, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda.

18. Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.

19. No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»

20. Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?»

Romarane 9