30. Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje jaga etter å få rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru.
31. Men Israel, som jaga etter lova for å vinna rettferd, dei nådde ikkje fram.
32. Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen,
33. som det står skrive: Sjå, på Sion legg eg ein støytestein og eit berg til fall. Men den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.