1. Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.
2. Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.
3. Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,
4. og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.
5. Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.