6. Då kan de samstemde og med éin munn prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far.
7. Ta difor imot kvarandre slik Kristus tok imot dykk, til Guds ære.
8. For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk,
9. men òg for at heidningfolka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive: Difor vil eg prisa deg mellom folka og lovsyngja ditt namn.