20. Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt,
21. men som det står skrive: Dei som ikkje har fått bodskapen om han, skal sjå, og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.
22. Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk.
23. Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk
24. og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg dreg forbi, og at de vil hjelpa meg med det eg treng til reisa dit, når eg først har fått gledd meg ei stund i samværet med dykk.
25. Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der.
26. Forsamlingane i Makedonia og Akaia har sagt at dei vil samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem.
27. Det vil dei gjerne gjera; dei står òg i gjeld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med materielle gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver.
28. Når eg har fullført dette og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, då reiser eg til Spania og legg vegen om dykk.
29. Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.
30. Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.