Romarane 13:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kvar og ein skal vera lydig mot dei styresmaktene han har over seg. For det finst inga styresmakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud.

2. Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett, og dei som gjer det, skal få sin dom.

3. For dei som styrer, skaper ikkje frykt hos den som gjer det gode, men hos den som gjer det vonde. Vil du sleppa å vera redd styresmakta? Gjer det som godt er, og du skal få ros.

Romarane 13