5. På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.
6. Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua;
7. den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,
8. og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
9. Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!