17. Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske.
18. Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg.
19. Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren.
20. Men: Er fienden din svolten, så lat han få mat, er han tørst, så gjev han drikke. Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.