Romarane 1:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Først av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda blir det fortalt om trua dykkar.

9. Gud sjølv, som eg av heile mitt hjarte tener med evangeliet om Son hans, er mitt vitne på korleis eg uavlateleg hugsar på dykk i bønene mine.

10. Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil.

11. For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk.

12. Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.

13. Eg vil ikkje at de skal vera uvitande, mine sysken, om at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. For òg hos dykk ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, slik som hos dei andre folka.

14. Grekarar og barbarar, lærde og ulærde – alle står eg i gjeld til.

15. Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet òg for dykk i Roma.

16. For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.

17. For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.

18. Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett.

19. For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei; Gud har sjølv lagt det ope fram.

20. For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å unnskylda seg med.

21. Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte.

22. Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap.

23. Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

Romarane 1