1. Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium,
2. det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter.
3. Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som menneske av Davids ætt
4. og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde.
5. Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn.
6. Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.
7. Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!