4. «Du som er urøynd, vend deg hit!»Til den vitlause seier ho:
5. «Kom og et av maten minog drikk av vinen eg har blanda.
6. Lat vitløysa fara, så skal de leva,gå fram på den vegen forstanden viser!»
7. Den som åtvarar ein spottar, får skam,den som går i rette med ein urettferdig, lid skade.
8. Gå ikkje i rette med spottaren, då hatar han deg,gå i rette med den vise, så elskar han deg.
9. Gjev til den vise, så blir han visare,lær den rettferdige, så aukar han sin lærdom.
10. Å frykta Herren er opphav til visdom,å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.
11. Ved meg skal dine dagar bli mange,og du får fleire leveår.
12. Er du vis, blir din visdom til nytte for deg,spottar du, må du lida for det sjølv.
13. Dårskapen er ei rastlaus kvinne,vitlaus er ho og forstår ikkje noko.
14. Ho sit utfor husdøra si,har sitt sete høgt oppe i byen.
15. Ho ropar til alle som går forbi,dei som går beint fram på vegen: