Ordtaka 31:10-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Ei dugande kone, kven finn vel henne?Langt meir enn perler er ho verd. Bet ב

11. Mannen lit på henne i sitt hjarte,og vinning manglar han ikkje. Gimel ג

12. Ho gjer berre godt mot han,ikkje noko vondt så lenge ho lever. Dalet ד

13. Ho skaffar seg ull og lin,hendene arbeider med liv og lyst. He ה

14. Ho er som handelsskipa,ho skaffar mat langt bortanfrå. Waw ו

15. Før det lysnar av dag, er ho oppe,gjev huslyden matog set tenestejentene i arbeid. Zajin ז

16. Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det;for det ho har tent, plantar ho ei vinmark. Het ח

17. Styrke er beltet ho har om livet,ho tek i med sterke armar. Tet ט

18. Ho merkar at forretningane går godt,lampa hennar sloknar ikkje om natta. Jod י

19. Ho legg hendene på rokken,og fingrane grip om teinen. Kaf כ

20. Ho opnar handa for den som lid naud,retter hendene ut til den fattige. Lamed ל

21. Kjem det snø, er ho ikkje redd for sine,for alle i huset har ekstra klede. Mem מ

22. Ho lagar sine eigne teppe,ho har klede av lin og purpur. Nun נ

23. Mannen hennar er akta i byporten,der han sit med dei eldste i landet. Samek ס

24. Ho lagar linklede som ho sel,og sender belte til kjøpmannen. Ajin ע

Ordtaka 31