Ordtaka 30:15-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».Det finst tre som ikkje blir mette,fire som aldri seier «det er nok»:

16. dødsriket og det lukka morslivet,jorda, som alltid tørstar etter vatn,og elden, som aldri seier: «Det er nok.»

17. Eit auge som spottar far sinog nektar å lyda mor si,det skal ramnane ved bekken hakka utog ørnungane eta opp.

18. Tre ting er for underfulle for meg,og fire skjønar eg ikkje:

19. ørns veg over himmelen,orms veg over berget,skips veg over havetog manns veg til ei ung kvinne.

20. Slik gjer ei utru kvinne:Ho et og tørkar seg om munnenog seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»

21. Tre ting får jorda til å skjelva,og fire kan ho ikkje tola:

Ordtaka 30