Ordtaka 3:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Son min, gløym ikkje mi rettleiing,ta vare på mine bod i hjartet!

2. For dei vil gje deg mange år og eit langt livog overflod av fred.

3. Lat aldri godleik og truskap fara!Bind dei om halsen,skriv dei på hjartetavla!

4. Då får Gud og menneske velvilje for degog ser ditt gode vit.

5. Lit på Herren av heile ditt hjarte,støtt deg ikkje på eiga innsikt.

6. Ha han i tankar kvar du ferdast,så gjer han stigane dine jamne.

7. Ver ikkje vis i eigne auge,frykt Herren og vend deg bort frå det vonde!

Ordtaka 3