Ordtaka 29:22-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Den snarsinte valdar trette,den hissige gjer mange feilsteg.

23. Hovmod fører menneske til fall,men den audmjuke vinn ære.

24. Helaren hatar sitt eige liv,dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.

25. Den som er redd menneske, set ei snare for seg sjølv,men den som stolar på Herren, har eit vern.

26. Mange prøver å vinna velvilje hos ein herskar,men eit menneske får sin rett frå Herren.

Ordtaka 29