Ordtaka 29:20-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Ser du ein mann som er snar når han talar– det er større håp for dåren enn for han.

21. Skjemmer ein slaven sin bort frå han er ung,endar det med at han blir ulydig.

22. Den snarsinte valdar trette,den hissige gjer mange feilsteg.

23. Hovmod fører menneske til fall,men den audmjuke vinn ære.

24. Helaren hatar sitt eige liv,dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.

Ordtaka 29