Ordtaka 28:7-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Den som held seg etter lova, er ein klok son;den som held lag med fråtsarar, fører skam over far sin.

8. Den som aukar sin rikdom ved rente og avgift,samlar til den som tek seg av dei fattige.

9. Når nokon vender øyret bortog ikkje vil høyra på lova,blir sjølv bøna hans avskyeleg.

10. Den som fører dei rettskafne på vonde vegar,han fell i si eiga grav,men den som er heil, får ein god arv.

11. Den rike er vis i eigne auge,ein fattig med innsikt ser kva som bur i han.

12. Når dei rettferdige jublar,er det herlegdom og glans;når dei urettferdige får makt,held folk seg borte.

13. Den som skjuler syndene sine,skal ikkje lukkast;den som vedkjenner og vender seg frå dei,han finn miskunn.

14. Sæl er den som alltid fryktar,men den som gjer hjartet hardt, fell i ulukke.

15. Som brølande løve og slagbjørn i spranger ein urettferdig herskar for eit fattig folk.

16. Ein uforstandig fyrsteaukar undertrykkinga;den som hatar urett vinning,får leva lenge.

17. Den som er tyngd av blodskuld,er på flukt heilt til grava,ingen må hjelpa han.

18. Den som er heil i si ferd, blir berga,men den som går krokvegar, fell i grava.

19. Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,den som jagar etter fåfengde ting, skal mettast med fattigdom.

20. Den trufaste får stor velsigning,den som vil bli rik i ein fart, skal få si straff.

21. Det er gale å gjera skilnad på folk,ein kan gjera seg til brotsmann for ein brødbit.

22. Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom,han skjønar ikkjeat han kjem til å lida naud.

23. Den som viser nokon til rette,får sidan større takkenn den som har ei glatt tunge.

24. Den som plyndrar far sin og mor siog seier: «Det er ikkje synd»,han er jamgod med øydeleggjaren.

Ordtaka 28