12. Når dei rettferdige jublar,er det herlegdom og glans;når dei urettferdige får makt,held folk seg borte.
13. Den som skjuler syndene sine,skal ikkje lukkast;den som vedkjenner og vender seg frå dei,han finn miskunn.
14. Sæl er den som alltid fryktar,men den som gjer hjartet hardt, fell i ulukke.
15. Som brølande løve og slagbjørn i spranger ein urettferdig herskar for eit fattig folk.
16. Ein uforstandig fyrsteaukar undertrykkinga;den som hatar urett vinning,får leva lenge.
17. Den som er tyngd av blodskuld,er på flukt heilt til grava,ingen må hjelpa han.
18. Den som er heil i si ferd, blir berga,men den som går krokvegar, fell i grava.
19. Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,den som jagar etter fåfengde ting, skal mettast med fattigdom.
20. Den trufaste får stor velsigning,den som vil bli rik i ein fart, skal få si straff.
21. Det er gale å gjera skilnad på folk,ein kan gjera seg til brotsmann for ein brødbit.
22. Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom,han skjønar ikkjeat han kjem til å lida naud.
23. Den som viser nokon til rette,får sidan større takkenn den som har ei glatt tunge.
24. Den som plyndrar far sin og mor siog seier: «Det er ikkje synd»,han er jamgod med øydeleggjaren.
25. Den grådige valdar trette,den som stolar på Herren, blir mett.
26. Den som stolar på sitt eige vit, er ein dåre,den som ferdast med visdom, bergar seg.