Ordtaka 28:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den urettferdige rømmerom ingen er etter han,den rettferdige er uredd som ei ungløve.

2. Eit land i opprør skifter ofte leiarar,men under ein klok og forstandig mann har det ro og orden.

3. Ein stormann som undertrykkjer fattige,han er styrtregn som skyl bort brødkornet.

4. Dei som går bort frå lova, prisar den urettferdige,dei som held lova, går til strid imot dei.

5. Dei vonde skjønar ikkje kva som er rett,men dei som søkjer Herren, skjønar alt.

Ordtaka 28