Ordtaka 27:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,dei vitlause går på og får si straff.

13. Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,ta pant i dei for dei ukjende!

14. Når nokon velsignar sin nestemed høg røyst tidleg om morgonen,er det å rekna som ei forbanning.

15. Som stadig takdrop ein regnvêrsdag,slik er ei trettekjær kvinne.

16. Å gøyma henne er som å gøyma vindeneller å gripa olje med handa.

17. Jern kvesser jern,og det eine mennesket kvesser det andre.

18. Den som passar på fikentreet, får eta frukta;den som tek vare på herren sin, vinn ære.

19. Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet,finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre.

20. Dødsrike og avgrunn blir aldri mette,og menneskeauga får aldri nok.

21. Sølv prøver ein i digelenog gull i smelteomnen,og mannen når han får ros.

22. Støyter du den dumme i mortarenog knuser han saman med kornet,går dumskapen likevel ikkje av han.

Ordtaka 27