Ordtaka 24:23-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Dette òg er ord av dei vise:Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.

24. Seier nokon til ein skuldig:«Du er uskuldig»,vil folk forbanna hanog folkeslag fordømma han.

25. Men dei som dømmer rett, går det vel,lukke og velsigning kjem over dei.

26. Eit ærleg svarer eit kyss på leppene.

27. Fullfør arbeidet ute,gjer deg ferdig på åkeren,så kan du byggja deg hus.

28. Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din,så du svik han med leppene dine.

29. Sei ikkje: «Som han har gjort mot meg,slik vil eg gjera mot han;eg vil gje han att etter det han har gjort.»

30. Eg gjekk forbi ein lat manns åker,langs vinmarka til eit menneske utan forstand.

31. Sjå, der var det fullt av nesler,grunnen var overgrodd med tistlar,og steingjerdet var nedrive.

32. Eg la merke til dette og la meg det på hjartet,eg tok lærdom av det eg såg.

Ordtaka 24