Ordtaka 24:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Et honning, son min, for den er god,flytande honning er søt for ganen.

14. Og vit at slik er visdomen for sjela.Finn du den, har du ei framtid,ditt håp er ikkje ute.

15. Ligg ikkje på lur som ein urettferdigder den rettferdige bur,legg ikkje heimen hans øyde!

16. Sju gonger kan den rettferdige fallaog reisa seg att,men dei urettferdige snublar i det som er vondt.

17. Gled deg ikkje når fienden din fell,hjartet skal ikkje jubla når han snublar.

18. Då vil Herren sjå på det med uviljeog venda vreiden sin bort frå han.

19. Ver ikkje harm på dei som gjer vondt,og misunn ikkje dei lovlause!

20. For dei vonde har inga framtid,lampa til dei urettferdige sloknar.

21. Frykt Herren og kongen, son min!Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.

22. For brått kan ulukka ramma dei.Kven veit kva slag øydelegging dei to kan senda?

23. Dette òg er ord av dei vise:Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.

24. Seier nokon til ein skuldig:«Du er uskuldig»,vil folk forbanna hanog folkeslag fordømma han.

Ordtaka 24