9. Herren avskyr vegen til den urettferdige,men elskar den som jagar etter rettferd.
10. Streng straff får den som går bort frå stigen,den som hatar tilrettevising, skal døy.
11. Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,kor mykje meir då menneskehjartet.
12. Spottaren mislikar å bli vist til rette,han går ikkje til dei vise.
13. Glede i hjartet gjer andletet venleg,sorg i hjartet gjer motlaus.
14. Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,men dårens munn lever av dårskap.
15. For ein fattig er alle dagar vonde,den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.
16. Betre å ha lite og frykta Herrenenn å ha stor rikdom med uro attåt.
17. Betre er ein grønsakrett med kjærleikenn oksesteik med hat attåt.
18. Den som er sint, valdar trette,den som er sein til vreide, får striden til å stilna.
19. For den late er vegen som klungerkratt,for dei rettskafne er stigen ein rydda veg.
20. Ein klok son er til glede for far sin,ein tåpeleg mann foraktar mor si.
21. Den vitlause har glede av dårskap,den forstandige held rett kurs.
22. Utan rådlegging mislukkast planane,når mange gjev råd, skal dei lukkast.
23. Glad blir den som kan gje svar.Kor godt med eit ord i rette tid!
24. For den forstandige fører livsvegen oppover,slik slepp han unna dødsriket der nede.