1. Ein son blir vis av fars formaning,spottaren høyrer ikkje på åtvaring.
2. Av munnens frukt kan ein nyta godt,men svikarar hungrar etter vald.
3. Den som aktar sine lepper, tek vare på livet,den som er stor i munnen, skader seg sjølv.
4. Den late får ikkje det han trår etter,men flittige får i overflod.
5. Den rettferdige hatar usann tale,den urettferdige handlar skammeleg og frekt.