Ordtaka 10:26-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Som eddik for tennene og røyk for augaer den late for den som set han i arbeid.

27. Å frykta Herren forlengjer livet,men dei urettferdige får færre år.

28. Dei rettferdige har glede i vente,men det dei urettferdige har som håp, blir borte.

29. Herrens veg er eit vern for den som er heil i si ferd,men til ulukke for dei som gjer urett.

30. Den rettferdige skal aldri vakla,men urettferdige får ikkje bu i landet.

31. Den rettferdiges munn ber visdom som frukt,men svikefull tunge skal skjerast av.

32. Den rettferdiges lepper veit kva som kan gleda,munnen til urettferdige skjønar seg på svik.

Ordtaka 10