Nehemja 8:17-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Heile forsamlinga, dei som hadde vendt attende frå fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. Før denne dagen hadde israelittane ikkje gjort dette sidan Josva, son til Nun, levde. Gleda var stor.

18. Esra las frå Guds lovbok dag etter dag, frå den første til den siste dagen. Dei heldt fest i sju dagar, og på den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling, slik det var fastsett.

Nehemja 8