Nehemja 6:7-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Du skal jamvel ha sett profetar til å ropa om deg i Jerusalem: ‘Ein konge i Juda!’ Dette vil kongen no få høyra. Kom difor og lat oss rådslå om saka!»

8. Men eg gav dette svaret: «Ingenting av det du talar om, har hendt. Dette er noko du sjølv har funne på.»

9. For alle ville skremma oss. Dei sa: «Dei kjem til å mista motet, og arbeidet vil ikkje bli gjort.» – Og no, styrk hendene mine!

10. Då gjekk eg inn i huset til Sjemaja, son til Delaja, son til Mehetabel, som måtte halda seg heime. Han sa: «Lat oss møtast i Guds hus, midt i tempelet. Lat oss låsa dørene der, for dei kjem til å drepa deg om natta.»

11. Eg svara: «Skulle ein mann som eg rømma? Og skulle ein som eg gå inn i tempelet og framleis leva? Nei, eg går ikkje inn.»

Nehemja 6