Nehemja 6:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sanballat, Tobia, arabaren Gesjem og dei andre fiendane våre fekk høyra at eg hadde bygd muren opp att, og at det ikkje fanst brest i han lenger, men enno hadde eg ikkje sett inn dører i portane.

2. Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg: «Kom, lat oss møtast i Hakkefirim i Ono-dalen.» Dei hadde tenkt å skada meg.

3. Eg sende bodberarar til dei med svaret: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stansa dersom eg går frå det og dreg ned til dykk.»

4. Fire gonger sende dei same bodet, og kvar gong gav eg same svaret.

5. Sanballat sende tenaren sin til meg med det same bodet ein femte gong, no med eit ope brev i handa.

6. Der stod det skrive: «Folkeslaga har fått høyra, og Gesjem stadfester det, at du og judearane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer muren. Det blir sagt at du vil vera kongen deira.

7. Du skal jamvel ha sett profetar til å ropa om deg i Jerusalem: ‘Ein konge i Juda!’ Dette vil kongen no få høyra. Kom difor og lat oss rådslå om saka!»

8. Men eg gav dette svaret: «Ingenting av det du talar om, har hendt. Dette er noko du sjølv har funne på.»

Nehemja 6