Nehemja 5:9-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Så sa eg: «Det er ikkje rett, det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i frykt for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal spotta oss?

10. Eg, brørne mine og tenestefolka mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss sletta desse låna!

11. Lat dei i dag få att åkrane, vinmarkene, olivenlundane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar i pengar, korn, ny vin og fin olje som de har lånt dei.»

12. Dei svara: «Vi skal gje tilbake og ikkje krevja inn noko frå dei. Vi skal gjera som du seier.» Eg kalla på prestane og bad dei sverja på dette.

Nehemja 5