4. «Høyr, vår Gud, korleis vi blir hånte! Lat spotten koma att over deira eigne hovud. Lat dei bli plyndra og førte som fangar til framandt land!
5. Dekk ikkje over skulda deira, og lat ikkje synda bli viska ut for ditt andlet. Dei har krenkt bygningsmennene.»
6. Så bygde vi opp att muren i halv høgd heilt rundt, og folket la hjartet sitt i arbeidet.
7. Då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og asjdodittane fekk høyra at gjenreisinga av murane omkring Jerusalem gjekk framover, og at rivnene no var i ferd med å fyllast, vart dei rasande.
8. Alle slo seg saman for å gå til krig mot Jerusalem og skapa forvirring der.
9. Men vi bad til vår Gud og sette vakt på murane både dag og natt for å halda dei borte.