Nehemja 4:17-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. som bygde på muren. Berarane gjorde arbeidet sitt ved å bera med den eine handa og halda våpenet med den andre.

18. Kvar bygningsmann hadde sverdet fest ved hofta medan han bygde. Hornblåsaren stod ved sida av meg.

19. Då sa eg til dei fremste, stormennene og resten av folket: «Arbeidet er stort og vidt, og vi står spreidde på muren, langt frå kvarandre.

20. Om de høyrer lyden av hornet, skal de samla dykk omkring oss. Vår Gud vil kjempa for oss.»

21. Vi heldt fram med arbeidet, frå morgonròden viste seg til stjernene kom fram, medan halvparten stod med spyda sine.

Nehemja 4