11. Og motstandarane våre sa: «Før dei veit om det eller legg merke til det, skal vi vera blant dei, drepa dei og gjera slutt på arbeidet.»
12. Når judearane som budde nær dei, kom til oss, sa dei gong på gong: «Dei kjem imot oss frå alle kantar.»
13. Så lét eg folket stilla seg opp på dei lågaste stadene bak muren, på dei opne plassane. Eg lét dei stilla seg opp slekt for slekt med sverd, spyd og bogar.
14. Då eg hadde sett på dette, reiste eg meg og sa til dei fremste, stormennene og resten av folket: «Ver ikkje redde dei! Tenk på Herren, den store og skremmande, og kjemp for brør, søner og døtrer, kvinner og heimar!»
15. Fiendane våre fekk no høyra at vi kjende til planen deira, og at Gud hadde hindra han. Då vende vi alle attende til muren, kvar til sitt arbeid.