Nehemja 13:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Ei tid før dette hende, hadde presten Eljasjib, ein slektning av Tobia, fått tilsyn med romma i Guds hus.

5. Han gjorde i stand eit stort rom til Tobia der dei tidlegare hadde lagt inn grødeofferet, røykjelsen, tempelutstyret og tienda av korn, ny vin og fin olje, etter påbodet frå levittane, songarane og portvaktene. Gåvene til prestane var òg lagra der.

6. Medan alt dette skjedde, var eg ikkje i Jerusalem. For i det trettiandre året Artaxerxes var konge i Babel, hadde eg reist til han. Etter ei tid bad eg kongen om lov til å fara attende.

7. Då eg kom til Jerusalem, vart eg klar over det vonde som Eljasjib hadde gjort då han laga eit rom for Tobia i føregardane til Guds hus.

8. Eg vart svært opprørt og kasta alle eigedelane til Tobia ut av rommet.

9. Så sa eg at dei skulle reinsa rommet, og eg førte tilbake utstyret frå Guds hus, grødeofferet og røykjelsen.

10. Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde fare attende, kvar til sine marker, både dei og songarane som skulle gjera teneste.

11. Eg refsa stormennene og spurde: «Kvifor har Guds hus vorte forlate?» Så samla eg levittane og sette dei inn att i stillingane sine.

12. Sidan kom heile Juda med tienda av korn, ny vin og fin olje til lagera.

13. Eg sette presten Sjelemja, Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levittane, til å ha tilsyn med lagerromma, og gav dei Hanan, son til Sakkur, son til Mattanja, til hjelp. For dei vart rekna for å vera pålitelege. No skulle dei sørgja for at brørne deira fekk sin del.

14. Kom meg i hug, min Gud, for dette! Stryk ikkje ut det gode som eg har gjort for min Guds hus og for tenesta der.

15. I dei dagane såg eg i Juda nokre som trakka vinpressene på sabbaten. Eg såg andre som samla korn i mengder og leste det på esel. Dei kom òg med vin, druer, fiken og andre varer til Jerusalem på sabbaten. Eg åtvara dei mot å selja mat på denne dagen.

16. Nokre frå Tyros som budde i Jerusalem, kom òg med fisk og alle slags varer og selde det til judearane på sabbaten.

17. Då refsa eg dei fremste blant judearane og sa til dei: «Kva er dette vonde som de gjer? De vanhelgar sabbaten!

Nehemja 13