2. For dei møtte ikkje israelittane med brød og vatn, og dei leigde Bileam til å forbanna dei; men vår Gud vende forbanninga om til velsigning.
3. Då dei no høyrde det som stod i lova, skilde dei alle av blanda opphav ut frå Israel.
4. Ei tid før dette hende, hadde presten Eljasjib, ein slektning av Tobia, fått tilsyn med romma i Guds hus.
5. Han gjorde i stand eit stort rom til Tobia der dei tidlegare hadde lagt inn grødeofferet, røykjelsen, tempelutstyret og tienda av korn, ny vin og fin olje, etter påbodet frå levittane, songarane og portvaktene. Gåvene til prestane var òg lagra der.
6. Medan alt dette skjedde, var eg ikkje i Jerusalem. For i det trettiandre året Artaxerxes var konge i Babel, hadde eg reist til han. Etter ei tid bad eg kongen om lov til å fara attende.
7. Då eg kom til Jerusalem, vart eg klar over det vonde som Eljasjib hadde gjort då han laga eit rom for Tobia i føregardane til Guds hus.
8. Eg vart svært opprørt og kasta alle eigedelane til Tobia ut av rommet.
9. Så sa eg at dei skulle reinsa rommet, og eg førte tilbake utstyret frå Guds hus, grødeofferet og røykjelsen.
10. Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde fare attende, kvar til sine marker, både dei og songarane som skulle gjera teneste.
11. Eg refsa stormennene og spurde: «Kvifor har Guds hus vorte forlate?» Så samla eg levittane og sette dei inn att i stillingane sine.