Nehemja 10:37-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Det første av brøddeigen, som vi ofrar, av frukt frå kvart tre, av ny vin og fin olje skal vi koma til prestane med, til romma i vår Guds hus.Vi skal gje tiend av jorda vår til levittane, og det er levittane som skal krevja inn tienda i alle byane der vi har arbeidet vårt.

38. Ein aronittisk prest skal vera med levittane når dei krev inn tienda, og levittane skal sjølve gje ei tiend av tienda til vår Guds hus, til romma i lagerhuset.

39. For både israelittane og levittane skal koma med offergåver av korn, ny vin og fin olje til desse romma. Der er utstyret som blir nytta i heilagdomen, og der er prestane som gjer teneste, portvaktene og songarane. Vi skal ikkje svikta vår Guds hus.

Nehemja 10