Nahum 2:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sjå, dei spring over fjella,føtene til den som ber bodog forkynner fred.Hald dine høgtider, Juda,og gjer det du har lova!For aldri meir kjem dei vonde mot deg,dei er heilt utrydda.

2. Han som skal spreia deg,tek ut mot deg.Hald vakt i borga,hald auge med vegen!Spenn beltet om livet,vis stor kraft og styrke!

3. For Herren reiser opp attbåde Jakobs og Israels stordom,fordi ransmenn tok rovog la vinrankene deira aude.

4. Skjolda til heltane er farga raude,krigsmennene er kledde i skarlak.Vognene er som brennande jernden dagen han stiller dei opp til kamp,spyda er innsette med gift.

5. Gjennom gatene rasar vognene fram,over torga fer dei att og fram.Dei ser ut som faklar,som lyn fer dei av stad.

Nahum 2