11. Ein dag skal murane dine byggjast opp,den dagen skal grensene vidast ut.
12. Den dagen skal dei koma til degfrå Assur og Egypt,frå Egypt og Eufrat,frå hav til hav og frå fjell til fjell.
13. Og jorda skal bli til øydemark,det er dei som bur der si skuld.Det er frukt av gjerningane deira.
14. Gjet ditt folk med staven din.Sauene du eig,ligg åleine i villmarka,midt i det fruktbare landet.Lat dei beita i Basan og Gileadslik som i gamle dagar.
15. Eg vil visa han underverksom den gongen du drog ut frå Egypt.