6. Kva skal eg koma fram for Herren mednår eg bøyer meg for Gud i det høge?Skal eg koma til han med brennoffer,med årsgamle kalvar?
7. Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar,titusenvis av oljebekker?Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot,mi livsfrukt for mi sjels synd?
8. Han har kunngjort for deg, menneske,kva godt er.Og kva krev Herren av deg?Berre at du gjer rett,viser trufast kjærleikog vandrar audmjukt med din Gud.
9. Herrens røyst ropar til byen,og det er visdom å frykta ditt namn.Høyr, du stamme og forsamling!
10. Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdigeog eit forfalska, forbanna efa-mål?
11. Kan eg vera reinmed urett vektog falske vektlodd i pungen?