Mika 3:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Difor skal det bli natt for dykk – utan syn,og mørker – utan spådom.Sola skal gå ned for profetaneog dagen formørkjast omkring dei.

7. Då skal sjåarane bli til skammeog spåmennene til spott.Alle skal dei løyna skjegget,for det kjem ikkje svar frå Gud.

8. Eg, derimot,er full av styrke ved Herrens ande,av rett og kraft,så eg kan tala til Jakob om hans brot,til Israel om hans synd.

9. Høyr dette, de hovdingar i Jakobs hus,de leiarar i Israels hus,de som avskyr rettferdog krøkjer det som er rett,

10. som byggjer Sion med blodog Jerusalem med urett!

11. Hovdingane hennar dømmer for betaling,prestane tek løn for å undervisa,profetane spår for pengar,og likevel støttar dei seg til Herren og seier:«Er ikkje Herren midt iblant oss?Det hender ikkje oss noko vondt.»

Mika 3