1. Eg sa:Høyr, Jakobs hovdingar,de leiarar i Israels hus!Var det ikkje desom skulle kjenna retten?
2. Men de hatar det gode og elskar det vonde.De riv huda av folkog kjøtet av beina deira.
3. Dei et kjøtet av folket mitt,huda flår dei av dei,og beina deira knuser dei.Dei breier det ut som i ei gryte,som kjøtet i ein kjel.
4. Når dei så ropar til Herren,svarar han dei ikkje.På den tid skal han løyna andletet for dei,for dei har gjort vonde gjerningar.
5. Så seier Herren om dei profetanesom fører folket mitt vill,som ropar «fred»berre dei får noko å tyggja på,men lyser heilag krig mot deisom ikkje gjev dei munnen full:
6. Difor skal det bli natt for dykk – utan syn,og mørker – utan spådom.Sola skal gå ned for profetaneog dagen formørkjast omkring dei.
7. Då skal sjåarane bli til skammeog spåmennene til spott.Alle skal dei løyna skjegget,for det kjem ikkje svar frå Gud.
8. Eg, derimot,er full av styrke ved Herrens ande,av rett og kraft,så eg kan tala til Jakob om hans brot,til Israel om hans synd.