1. Ve dei som tenkjer ut urettog planlegg vondtmedan dei ligg i senga!Når dagen gryr, set dei det i verk,fordi det står i deira makt.
2. Markene dei har lyst på, røvar dei,husa tek dei,og dei tvingar under segmannen og hans hus,bonden og eigedomen hans.
3. Difor seier Herren:Eg tenkjer ut ulukke over denne slekta,den kan de ikkje fri nakken ifrå.De skal ikkje lenger gå stolte ikring,for dette blir ei vond tid.
4. Den dagen skal dei syngja ei nidviseog klaga ein klagesong over dykk.«Vi er herja og øydelagde!Jorda til folket mitt blir bortgjeven,ja, teken frå meg.Markene våre blir utdelte til fråfalne.»
5. Då skal du ikkje ha nokon i Herrens forsamlingtil å kasta lodd og dela ut jord.
6. «Hald opp med å profetera!» seier profetane.«Slik må ingen profetera!Tek skjellsorda aldri slutt?»
7. Kva er det du seier, Jakobs hus?Har Herren mista tolmodet?Er det slik han fer fram?Har eg ikkje gode ordtil dei som ferdast rett?
8. Men folket mitt har alt stått fram som ein fiende.De dreg kappa av fredelege folk.Dei som vandrar trygt, blir krigsfangar.