8. Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken omkring,eg held klage som sjakalen,har sorg som strutsen.
9. For skaden hennar kan ikkje lækjast.No står Juda for tur.Det har nådd til mitt folks port,til Jerusalem.
10. Kunngjer det ikkje i Gat!Ikkje gråt og klag!Velt deg i støvet i Bet-Leafra!
11. Dra bort naken og med vanære,du som bur i Sjafir!Ho som bur i Saanan,kjem ikkje ut.I Bet-Ha'esel held dei klage,der får de ikkje støtte.
12. Ho som bur i Marot,ventar på lukke,men ulukke frå Herrenkjem ned ved Jerusalems port.