Mika 1:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men eg skal leggja Samaria i ruinarog gjera byen om til vinmarker.Eg velter steinane ned i dalenog legg grunnvollane hennar berre.

7. Alle gudebileta hennar skal knusast,alle horegåvene skal brennast,og alle avgudsbileta vil eg øydeleggja.Med horepengar har ho samla dei,og til horeløn skal dei bli.

8. Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken omkring,eg held klage som sjakalen,har sorg som strutsen.

9. For skaden hennar kan ikkje lækjast.No står Juda for tur.Det har nådd til mitt folks port,til Jerusalem.

10. Kunngjer det ikkje i Gat!Ikkje gråt og klag!Velt deg i støvet i Bet-Leafra!

11. Dra bort naken og med vanære,du som bur i Sjafir!Ho som bur i Saanan,kjem ikkje ut.I Bet-Ha'esel held dei klage,der får de ikkje støtte.

Mika 1