Matteus 9:22-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.

23. Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:

24. «Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han.

25. Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.

26. Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.

27. Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!»

28. Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei.

29. Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.»

30. Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.»

31. Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der.

32. Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd.

33. Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!»

Matteus 9