Matteus 9:19-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.

20. No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans.

21. For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.»

22. Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.

23. Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:

24. «Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han.

25. Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.

26. Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.

Matteus 9