1. Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by.
2. Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Ver ved godt mot, son. Syndene dine er tilgjevne.»
3. Men nokre av dei skriftlærde sa med seg sjølve: «Denne mannen spottar Gud.»
4. Jesus såg kva dei tenkte, og sa: «Kvifor går de med så vonde tankar i hjartet?
5. Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?
6. Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lamme: «Stå opp, ta båra di og gå heim!»
7. Då reiste mannen seg og gjekk heim.
8. Men då folket såg det, vart dei gripne av ærefrykt og lova Gud som hadde gjeve menneske slik makt.
9. Derifrå gjekk Jesus vidare og fekk sjå ein mann som sat på tollbua. Han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
10. Sidan var Jesus gjest i huset hans. Det kom òg mange tollarar og syndarar og var saman med Jesus og læresveinane hans til bords.
11. Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»
12. Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke.