Matteus 7:12-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.

13. Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er porten og brei er vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den.

14. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

15. Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.

16. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar?

17. Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt.

18. Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt.

19. Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.

20. Difor skal de kjenna dei på fruktene.

21. Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil.

22. Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’

23. Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’

24. Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.

25. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

26. Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand.

Matteus 7