1. Døm ikkje, så de ikkje sjølve skal bli dømde!
2. Etter dommen de dømmer med, skal de sjølve dømmast, og i det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk.
3. Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?
4. Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige?